Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke

jordskokksuppeJordskokk er i sesong ein bitteliten del av året, og då gjeld det å nytte denne knallgode rotgrønsaka for det den er verdt. I Malaysia fann eg den under det engelske namnet Jerusalem Artichoke, og søkjer du opp det namnet finn du ut at dette er ei råvare som faktisk er mykje i bruk, sjølv om den er relativt ukjend her i Norge.

Ingen grunn til å ikkje stifte bekjentskap med denne altså, og den er slett ikkje vanskeleg å tilberede. Du skrellar den og kokar den som ei potet. For at det skal gå litt raskare deler du den opp i terningar, som om du skulle ha laga potetstappe. Så er det berre å koke, mose og spe med væske før du kan sette ei nydeleg god haustsuppe på bordet. Gjekk det for fort? Fortvil ikkje, her får du steg for steg:

jordskokksuppe med sprøstekt spekeskinkeTil 2 personar treng du:

  • 500 g jordskokk (med skal)
  • Saft frå 1/2 lime (eller sitron)
  • 1 dl fløyte
  • 2-3 dl kraft eller vatn + buljong
  • 2-3 skiver spekeskinke
  • salt og peppar

jordskokkSlik gjer du:

  1. Skrell jordskokken, del den i store terningar og legg den rett i ei kasserolle med vatn og limejuice/sitronjuice. (For at jordskokken ikkje skal bli brun).
  2. Kok opp og la småkoke til jordskokken er mør, det tok 20-30 min.
  3. Del spekeskinke i strimlar og steik i ei steikepanne på medium-høg varme til det er sprøtt.
  4. Ha jordskokken og 2 dl av kokevatnet i ein blender og kjør glatt. Ta vare på resten av vatnet slik at du kan justere tjukkleiken på suppa til slutt.
  5. Ha jordskokkpuréen tilbake i kasserolla og kok opp. Tilset fløyte og skru ned varmen.
  6. Smak til med salt og peppar og eventuelt litt meir av kokevatnet/krafta.
  7. Servér med spekeskinke på toppen.
jordskokksuppe spekeskinke

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.