Grunnoppskrift fiskekaker

fiskekaker med løk
Fiskekaker er mykje lettare å lage enn du trur! Du treng ikkje mange ingrediensane i tillegg til fisk, og endar opp med fiskekaker som inneheld nesten berre fisk i motsetning til mange av dei du finn på butikken. Og så er det jo ein genial måte å få born (og vaksne) til å ete meir fisk!

Kva type fisk du nyttar er heller ikkje så farleg, så ta det du har eller får tak i. Hyse skal ha ekstra god bindingsevne, men både sei, torsk og lyr er fine å bruke. I Asia brukte vi lemon sole eller lomre som er det norske namnet på denne flyndra. Det funka finfint, så bruk det du har eller finn i fiskedisken din!

Fiskekaker skal helst lagast av fersk fisk, nettopp på grunn av bindingsevna, men det går fint å bruke frosen fisk også. Pass då på at du får med vatnet som tiner frå fisken, sidan mykje av magien ligg i dette vatnet.

fiskekaker

Grunnoppskrift fiskekaker

Til 8-10 fiskekaker treng du:

  • omlag 500 g fiskefilet (eg brukte halvt om halvt med hyse og sei)
  • 1 ss potetmjøl
  • 1 ts salt
  • litt peppar
  • 1/4 ts muskat
  • 2-3 dl mjølk
  • litt smør til steiking

fiskekaker av sei og hyse Slik gjer du:

  1. Del den kalde fisken i store terningar og kjør den i ei matmølle (foodprosessor) til det er ei ganske jamn masse.
  2. Ha i potetmjøl, salt, peppar og litt av mjølka. Kjør vidare.
  3. Spe med mjølka og kjør mølla til du har ei jamn og fin masse.
  4. Varm smør i ei panne og form små kaker som du legg i panna. Steik på middels-høg varme, slik at fiskekakene blir bruna og får god smak.
  5. Snu og steik på andre sida.

TIPS: fiskekakene kan gjerne «halvsteikast», slik at dei ikkje er gjennomsteikt i midten, og leggast over i ei eldfast form. Då kan du gjennomsteike alle fiskekakene i steikeomnen på 200 grader i omlag ti minutt før servering.

fiskekaker av hyse og sei

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.