Eplekake

eplekake glutenfri Det er eplesesong og det er omågjere å nytte seg av dei norske epla så mykje ein berre kan! Dette er ei herleg kake som fall i smak både hjå små og store, sidan eplebitane ligg heilt på toppen og lett kan plukkast vekk for dei som likar eplekake best utan epler. Noko eg ikkje kan seie meg samd i lenger. Eplene set jo verkeleg prikken over i’en!

Denne kaka er naturleg glutenfri sidan den er laga av mandlar i staden for mjøl. Det gir ein nydeleg smak til kaka og bonusen er at den kan etast av fleire. Finn du mandelmjøl på butikken kan du gjerne nytte det, sjølv om eg stort sett alltid kverner mandlane til mjøl sjølv. Det er fort gjort, og litt grove bitar er berre godt og gir fin tekstur.

kake epleTil ei rund kake (24 cm) eller ei lita langpanne treng du:

  • 250 g mandlar (eller mandelmjøl)
  • 1 dl sukker
  • 4 egg
  • 0,5 dl brunt sukker/demerarasukker
  • 2 klyper salt
  • 2 ts kanel
  • 3-4 epler
  • 1/2 sitron

eplekakeeplekake med mandlerSlik gjer du:

  1. Kvern mandlane til mjøl, anten ved hjelp av ei gammaldags kvern eller ei matmølle (foodprosessor).
  2. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.
  3. Visp veldig luftig eggedosis av egga og det kvite sukkeret. (Visp leeenge!)
  4. Vask epla godt og del dei i tynne båtar. Legg dei over i ein bolle med litt vatn og safta frå sitronen, slik at dei ikkje blir brune.
  5. Bland brunt sukker, mandelmjøl, 1 ts kanel og salt. Vend dette forsiktig inn i eggedosisen, i 2-3 omgongar, slik at du ikkje slår ut lufta av eggedosisen.
  6. Hell røra over i ei form kledd med bakepapir i botnen, og legg epla i eit fint mønster på toppen.
  7. Strø over 1 ts kanel.
  8. Steik midt i omnen i omlag 50 min, til kakepinnen er tørr når du sjekkar.
  9. La avkjøle på rist, men i forma, før du brukar ein skarp kniv til å skjære rundt kanten og losnar kakeringen.
  10. Pynt med heile kanelstenger eller litt melis om du har, og nyt nydeleg eplekake, gjerne med litt krem, vaniljekesam eller iskrem til.
norske epler kake norske epler

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.