Kinesisk stekt ris

kinesisk stekt risKinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel rett å lage. Den «hemmelege» ingrediensen som gjer heile skilnaden er sesamolje. Med sin nøtteaktige smak og gode lukt forandrar den heile retten frå kjedeleg til ekte vare. Oljen får du kjøpt i større daglegvarebutikkar eller på invandrarbutikkar.

Du kan ete risen som han er, eller servere den som tilbehør til andre asiatiske rettar.

stekt risTil omlag 2 personar treng du:

  • 5 dl kokt (jasmin)ris
  • 2 ss sesamolje
  • 1 liten løk
  • 10-12 sukkererter
  • 3 ss soyasaus
  • 2 egg
  • 2 gulrot
  • 2 vårløk

kinesisk steikt risSlik gjer du:

  1. Hakk opp løk, gulrot, vårløk og sukkererter.
  2. Visp saman to egg i ein kopp.
  3. Ha sesamolje i ei varm gryte/wok og ha i løken.
  4. Fres til løken byrjar å bli blank, ha då i resten av grønsakene.
  5. Fres grønsakene til dei har blitt varme, skyv dei til eine sida i gryta og hell egga på den tomme sida. Bruk ei sleiv og rør forsiktig rundt, slik at det blir eggerøre.
  6. Bland eggerøren med grønsaken.
  7. Ha i risen, bland godt.
  8. Ha over soyasaus og rør den jamnt inn.
  9. Versegod! Digg kosemat på få minutt:)
chinese fried rice

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.