Restesuppe med fårikål

suppe med lam
Har du laga fårikål og fått restar? Heldiggris! Eller så er du erfaren og veit at det alltid løner seg å lage for mykje fårikål. Det er jo ein av dei rettane som faktisk er betre dagen etter. Men om du har lyst på ein liten vri og ikkje ete det samme to dagar på rad, så gir eg deg her min favoritt med kokte rotgrønsaker og kjøtrestane frå fårikålen. Gløym ikkje å ta vare på krafta som ligg i botnen av fårikål-gryta, her finn du massevis av gode smakar som løftar suppa.

Sidan dette er meint å vere ei restesuppe gir eg deg her litt mål på slump, og så er det opp til deg å ha i meir om det er mange til bords.
betasuppe

Restesuppe med fårikål

Til ei god restesuppe treng du:

  • Ferdig dampa fårikålkjøt
  • Krafta i botnen av fårikålgryta
  • Rotgrønsaker (pastinakk, beter, gulrot, sellerirot..)
  • Poteter
  • Vårløk/purreløk
  • Vatn

fårikålsuppeSlik gjer du:

  1. Skrell og del alle grønsaker i terningar.
  2. Ha dei i ei kasserolle og dekk med vatn.
  3. Kok opp og skru så ned varmen slik at det får småkoke.
  4. Ha i kraft og kjøtrestar og la dette småkoke med.
  5. Når grønsakene er møre er suppa klar.
  6. Velbekomme!
restesuppe med fårikål

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.