Sjokoladeknutar

gjærbakst
I denne heimen er alle gutane, både voksne og barn, over middels glad i kanelsnurrar og det er vel ikkje noko som gjer dei gladare enn å få servert akkurat det anten heime eller ute på tur. Men ein gong i blant kjem det ønskjer om å få noko anna, slik som denne gongen då det var minstemann som ville ha sjokoladefyll i staden for kanel og sukker. Og sidan mor er over gjennomsnittet glad i sjokolade var jo det eit enkelt ønske å oppfylle.

Eg viser deg to ulike måtar å knyte eller snurre herligheitene på bileta under, og håper du blir inspirert til å bake noko godt!

chocolate twirl
Til omlag 16 sjokoladeknutar treng du:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll:

  • 100 g mørk sjokolade
  • 1 egg til pensling
sjokoladeknutersjokoladeknutarhvordan knyte kanelsnurrhvordan snurre sjokoladesnurrsjokoladesnurr

sjokolade snurrsjokolade snurrerSlik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret og 100 g kveitemjøl, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Knekk sjokoladen i bitar og smelt den over vassbad.
  5. Ha deiga på bordet, og bruk så mykje av det resterande mjølet du treng for å få deiga til å vere akkurat passe «ikkje klissete». Eg likar å ha den litt klissete og så heller ha ein del mjøl på bordet.
  6. Kjevle deiga til eit stort rektangel.
  7. Smør uttover smelta sjokolade på halve deiga.
  8. Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
  9. Tvinn strimlane og snurr/knyt dei før du legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
  10. Dekk til og la etterheve medan omnen varmar seg opp.
  11. Set steikeomnen på 200 grader. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 15-17 min.
  12. Avkjøl på rist.
but first coffee sjokolade knute sjokolade gjærbakst

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.