Heilsteikt kylling med sitronsmør og rotgrønsaker

sitron kyllingHeilsteikt kylling er nydeleg men best av alt: superenkelt å lage! Det einaste den treng er litt tid i omnen, så her er det berre å klargjere fuglen og la omnen gjere resten av jobben. Det er finfint å steike to i slengen, så har du enkel middag dagen etter eller ekstra kyllingkjøt til lunsjsalaten.

Etter at middagen er fortært tek du vare på skroget og kokar nydeleg kraft som løftar alle supper til nye høgder. Eg legg det som regel i ein brødpose og i frysaren, slik at eg kan samle opp fleire beinrestar og koke kraft ein dag (eller to) eg har god tid. Oppskrift på kyllingkraft finn du sjølvsagt her på bloggen også.

helstekt kyllingTil 1 kylling (3-4 personar) treng du:

  • 1 kylling
  • 2-3 sjalottløk
  • 1 heil kvitløk med alle fedd
  • 1 pastinakk
  • 1/4 sellerirot
  • 1 stor søtpotet
  • 2 beter (gjerne ulik farge)
  • 1 raud paprika
  • 2 sitronar
  • 6-7 aromasopp
  • 2-3 ss smør
  • 2-3 ts timian

sitronsmørSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Vask sitronane godt og riv det gule av skalet med eit zesterjarn. Mos smør, sitronskal og timian med ein gaffel.
  3. Skyl godt av kyllingen, både på innsida og utsida. Klapp tørr med kjøkkenpapir. Bruk fingrane og lag eit rom mellom skinnet og kjøtet på kyllingbrysta. Fyll sitronsmøret inn i holrommet. Del sitronane i to og legg dei inn i kyllingen.
  4. Skrell og del alle rotgrønsaker og sjalottløken i grove bitar. Del kvitløken i to og legg den med snittflata ned i den eldfaste forma. Fordel grønsakene, med unnatak paprika og sopp, utover og legg kyllingen på toppen.
  5. Steik i omlag 30 min, til kyllingen har blitt gyllen og fin på toppen. Skru ned temperaturen til 180 grader, legg på paprikaen og soppen, og steik vidare til kyllingen er gjennomsteikt. Det vil variere alt etter storleiken, men tek omlag ein time. Sjekk at den er ferdig ved å stikk ein skarp kniv inn i lårfestet og sjå at safta som kjem ut er klar og ikkje raud.
  6. La kyllingen kvile i 10-15 min før servering, medan rotgrønsakene held seg varme i omnen.
  7. Server kylling på ei seng av søte rotgrønsaker.
sitron kylling rotgrønsaker perfekt helstekt kylling

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.