Torsk med spekeskinke og jordskokkpure

torsk oppskrift

Dette blei ein stor favoritt her i heimen -og har allereie hatt reprise fleire gongar, før den i det heile har kome på bloggen! Eg må nesten dele æra med kassadama på Rema som i det ho scanna jordskokkane sa «Ååå, jordskokkpure eeer så godt!». Dermed blei mi planlagde jordskokksuppe skrota den dagen, og torsken fekk jordskokk som tilhøyr i staden for søtpotet. Og det var slettes ikkje feil  -prøv så forstår du kva eg meinar!

torsk spekeskinkeTil 2-3 personar treng du:

  • ca 300 g torsk
  • 4-5 skiver spekeskinke
  • 500 g jordskokk
  • Saft frå 1/2 sitron
  • 1 ss smør
  • ca 1 dl fløyte
  • salt og peppar
  • 1 neve aspargesbønner eller brokkoli
torsk jorskokkpure

Slik gjer du:

  1. Skrell jordskokkane, del dei i terningar og legg dei i ei kasserolle med vatn, litt salt og sitronsaft. Sitronsafta er for å hindre at jordskokkane blir brune.
  2. Kok opp og la småkoke under lokk til jordskokkane er møre, omlag 20 minutt. Lag klar resten medan du ventar.
  3. Del spekeskinka i små bitar og sprøsteik den i ei panne. Ha spekeskinka over i ei skål, men la feittet ligge igjen i panna, slik at du kan steike torsken i dette. Bruk litt ekstra smør om det trengst.
  4. Legg torsken i panna på ganske høg varme, ha over litt salt og peppar og la torsken ligge i fred til den er steikt 2/3 i gjennom. Då får du ei fin karamellisert steikeskorpe. Snu torsken og la den få steike berre nokre få minutt på andre sida, slik at alt er steikt.
  5. Hell av kokevatnet frå jordskokkane. Eg brukar å helle kokevatnet over i ei skål saman med aspargesbønnene/brokkolien, så får dei trekke i det varme vatnet i 3-5 min til dei er ferdige.
  6. Ha i smørklatten og det meste av fløyta og kjør jordskokkane glatte med ein stavmiksar/blender. Spe med meir fløyte eller kokevatn om det trengst.
  7. Smak til med salt og peppar, og servér.
  8. Håper maten fell i smak!
torsk middag

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.