Gratinert romanesco

romanesco

Har du sett finare grønsak?! Eg er i allefall bergtatt, og min tidlegare utropte favorittgrønsak artisjokk har fått hard konkurranse…

Romanesco er ei kryssing av brokkoli og blomkål, og har fargen til brokkolien og det meste av smaken til blomkålen. Og du kan bruke den på samme måte som du ville ha brukt ein blomkål. Det har eg gjort her! Eg har fått heilt dilla på gratinert blomkål etter å ha sett lindastuhaug sin versjon på instagram. Fantastisk godt åleine eller som tilbehør til kjøt eller fisk. Og veldig godt oppattvarma dagen etter. Finn du ikkje romanesco kan du fint nytte blomkål i staden, eg anbefaler den på det varmaste uansett!

gratinert romanesco

Gratinert romanesco

Som hovudrett til 2 eller tilbehør til 4 personar treng du:

  • 1 romanesco
  • 1 vårløk
  • 6-8 aromasopp (eller 3-4 sjampinjong)
  • 100 g kremost
  • 3-4 ss blåmuggost (kan sløyfast)
  • salt og peppar
  • 1 neve reven ost (gjerne cheddar)
gratinert blomkål

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Kok opp ei stor kasserolle med vatn med litt salt i.
  3. Del romanescoen i bukettar, og la dei trekke i kasserolla i 5-6 minutt.
  4. Del vårløken og soppen i bitar og ha det i ei eldfast form.
  5. Ha romanescoen i, bland litt og ha i små klattar med kremost og blåmuggost jamnt over.
  6. Krydre med salt og peppar, og gjerne friske urter (timian er veldig godt!).
  7. Strø over reven ost og steik i omnen i om lag 20 min, til osten er gyllen.
gratinert form

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.