Avokadokrem med bær

avokadokrem med bær Dette er min nye favoritt til frukost. Om du følgjer kvardagsmat på instagram, har du nok allereie sett fleire versjonar av denne, og fleire kjem det nok.

Avokado og kokosmjølk saman er ein fantastisk kombinasjon, og gir ein krema, tjukk og god smoothie. Den minner om konsistensen på yoghurt, og eg et den med skei akkurat slik eg ville ha ete yoghurt. Fullstappa av gode smakar og vitaminar er dette ein flott start på dagen. Prøv du også, så ser du!

avokadokrem

Avokadokrem med bær

Til 1 stor porsjon treng du

  • 1 avokado
  • 200-250 g kokosmjølk
  • 1 dl vatn
  • 1/2-1 godt moden (gjerne brun) banan
  • 1 eggeplomme

Slik gjer du:

  1. Del avokadoen i to, fjern steinen og ha kjøtet i ein blendar saman med resten av ingrediensane.
  2. Kjør glatt og hell over i ei skål.
  3. Topp gjerne med bær og knuste knekkebrød.
avokado smoothie

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.