Blåbærsmuldrepai med krem

Blåbærpai med krem

Blåbæra er endeleg å finne i skogen, og det er berre å ta med seg ei bøtte og så mange born du finn og plukke til krampa tek deg. Fin-fin familieaktivitet, og så fint resultat når ein er ferdige! Lillebror gjorde som dei minste skal gjere, og plukka meir rett i munnen enn i blåbærbøtta og var så nøgd! Likevel blei det nok til å røre saman blåbærsyltetøy til kveldsmat og denne nydelege smuldrepaien til dessert.
Blåbærsmuldrepai med krem

Blåbærsmuldrepai med krem

Til 1 paiform (6-8 personar) :
Botn:

  • 300-400 g blåbær (nok til å dekkje botnen av forma)

Smuldretopping:

  • 100-150 g havregryn (glutenfritt om du vil)
  • 50 g sukker
  • 50 g smør
  • 1 ts kanel

Tilhøyr:

  • 3 dl kremfløyte
  • 3-4 ss sukker

Blåbærsmuldrepai med kremSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Fordel bæra utover paiforma.
  3. Ha smør i terningar, sukker, kanel og havregryn i ein bolle. Bruk fingrane og smuldre saman til du har ei nokolunde jamn smuldredeig.
  4. Ha smuldredeigen over i paiformen.
  5. Set i omnen i ca 20 min, til toppen er gyllen.
  6. Serverast lun med vispa kremfløyte til.
Smuldrepai med blåbær

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.