Mangosmoothie

smoothie med eggeplommeHer får du ein søt og god smoothie, som blei ein stor hit hjå kidsa. Eg har vore skeptisk til korleis det vil smake med eggeplomme i smoothie, men den kjende vi ikkje smaken av i det heile. Konsistensen var god og eg snudde meg vekk med eit nøgd glis over at eg hadde lurt i dei rå eggeplomme med alle dei godheitene den inneheld. Håper smoothien fell i smak hjå deg og!

smoothie med mango

Mangosmoothie

Til 1 stort eller 2 små glas treng du:

  • 1 mango
  • 1/2 banan (gjerne frosen)
  • 1 dl eplejuice
  • 1 eggeplomme
  • 1-2 dl vatn

Slik gjer du:

  1. Ha banan, mango, eplejuice, eggeplomme og litt av vatnet i ein blender og kjør glatt.
  2. Spe med resten av vatnet (eller så mykje du treng) til du får konsistensen du likar på smoothien.
  3. Nyt.
Mangosmoothie

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.