Bollefocaccia

bollefocaccia

Vel heime i huset vårt skulle vi lage gutane sin favoritt: kanelsnurr. Men undervegs oppdaga vi at vi ikkje hadde pakka ut kjevlet… For å sleppe å leite i ei kasse blei det endeleg høve til å teste ut Elin sin Bollefocaccia som det har florert nydelege bileter av på instagram. Sidan deiga allereie var sett er det den vanlege bolledeiga frå Schakenda som eg alltid brukar, medan framgongsmåten og inspirasjonen er henta frå Elin:)

bollefoccacia med vaniljekrem og blåbærDu treng:

  • ca 500 g kveitemjøl
  • 3 dl H-mjølk (37 grader)
  • 75 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 75 g smør i terningar

Topping:

  • ca 100 g blåbær
  • ca 100 g melis
  • Vaniljekrem:
    • 4 eggeplommar
    • 4 ss sukker
    • 2 dl mjølk
    • 0,5 dl kremfløyte
    • 2 ss maizena
    • 1 vaniljestang

bolledeigSlik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. (Eg held alltid tilbake litt av kveitemjølet (ca 50 g) og eltar det heller inn etter heving om deiga er klissete.)
  2. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  3. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  4. Dekk bollen og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar. (Lag vaniljekremen -oppskrift under.)
  5. Kle ei djup langpanne med bakepapir og bruk henda til å trykke deiga jamnt uttover.
  6. Dekk til og la etterheve i 30 min.
  7. Lag litt store groper med fingrane og fyll i vaniljekremen. Ha over blåbær.
  8. Dekk til og la etterheve medan omnen varmar seg opp.
  9. Set steikeomnen på 200 grader.
  10. Trykk blåbæra litt ned i deiga, og set langpanna midt i omnen.
  11. Steik til bollefocacciaen er gyllen, ca 15-20 min.
  12. Avkjøl på rist.
  13. Lag melisglasur av melis og vatn og ha over før servering.
eggeplomme vaniljekrem heimelaga vaniljekrem

hjemmelaget vaniljekrem
Vaniljekrem:

  1. Splitt vaniljestanga og ha frøa og stanga i ein lita kasserolle saman med mjølk, sukker og kremfløyte.
  2. Kok opp under omrøring, ta så kasserollen vekk frå varmen.
  3. Rør saman eggeplommer og maizena i ein annan bolle.
  4. Hell forsiktig halvparten av mjølkeblandinga over eggeplommane medan du visper. (For at ikkje egga skal bli eggerøre…)
  5. Hell deretter eggeblandinga tilbake i kasserolla.
  6. La det småputre til det tjuknar til passe konsistens, medan du rører heile tida.
  7. Avkjøl vaniljekremen, gjerne ved å setje kasserolla i kaldt vatn.
  8. Fjern vaniljestanga før bruk.
vaniljekrem og blåbær
Bollefocaccia_pinterest

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.