Frøknekkebrød

Glutenfri knekkebrødDesse knekkebrøda er sprø og gode og supre å ete som eit lite måltid. Mine favorittar er med most avokado med peppar eller leverpostei med agurk. I denne oppskrifta skal du leggje alle frøa og kjernene i blaut over natta, for å gjere frøa lettare fordøyelege og for at dei lettare skal feste seg i kvarandre. Set difor av tid kvelden før du vil steike knekkebrød til å måle opp ingrediensana og legge dei i vatn.

Og du; knekkebrøda kan fint lagast i mindre ruter og brukast som kjeks om du vil servere dei til ost og vin ein kveld:)

Til to brett knekkebrød (ca 32 stk) treng du:

  • 2 dl linfrø
  • 2 dl sesamfrø
  • 2 dl gresskarkjerner
  • 2 dl solsikkekjerner
  • 1 ts salt
  • 2 egg
  • Vatn til bløytlegging

Glutenfri frøknekkebrødSlik gjer du:

  1. Mål opp frø og kjerner, ha dei i ein bolle og fyll på med vatn til alt er dekka. Legg eit håndkle over og la stå på benken over natta.
  2. Ha alle frø og kjerner over i eit (lin)håndkle og press/mjølk ut så mykje av vatnet som du klarer.
  3. Ha dei «tørre» frøa og kjernene tilbake i bollen og tilset salt og egg.
  4. Bland godt og stryk jamnt utover på to bakepapirkledde steikebrett.
  5. Steik på varmluft 160 grader i 15 min.
  6. Ta ut av omnen og rut opp i passe knekkebrødstorleik.
  7. Set tilbake i omnen og la steike til knekkebrøda er tørre. Dette tok ca 1 time i min steikeomn, følg med.
  8. Avkjøl knekkebrøda på rist og oppbevar i tett boks.
Glutenfrie frøknekkebrød

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.