Grilla laks med spicy mango

grilla laks med mango

Eg fekk nyleg ein flunkande fersk vill-laks frå ein ivrig laksefiskar-svoger! Sånt er jo fantastisk kjekt for ein hobby-matbloggar som meg, og gjer det ekstra stas å lage middag. Ved hjelp av YouTube fekk eg filetert fisken, og var strålande nøgd med eigen innsats. Det er ikkje mange år sidan eg knapt turde å ta i ein fisk, men no går det leikande lett -og eg gler meg over framgongen vi har hatt på mange områder når det gjeld mat her i heimen!

Laksen blei sirleg filetert og delt i fleire stykker, som fekk gå i frysaren til middagar utover hausten. Men eitt stykke måtte vi berre ha med ein gong, og det fekk selskap av ein av mine favorittar til laks -nemleg mango, i ein litt spicy variant! Laks og mango er ein fantastisk kombinasjon, som berre må prøvast!

grilla laks med mangoTil 3-4 personar treng du:

  • 400-500 g laks (gjerne vill-laks om du er så heldig)
  • 1/2 sitron
  • litt dill (kan sløyfast)
  • salt og peppar
  • 1 mango
  • 1 pakke ruccola

Spicy saus:

  • Safta frå 1/2 sitron
  • 1/2 raud chili
  • 1 ss god olivenolje
  • 2 ss fiskesaus (fish sauce)

grilla laksSlik gjer du:

  1. Legg fisken på dobbel aluminiumsfolie, med skinnet ned, og krydre med salt, peppar og eventuelt dill. Del opp nokre sitronskiver og legg over.
  2. Grill på inndirekte varme, med lokk på grillen til fiskekjøtet flakar seg.
  3. Rør saman sitronsaft, olivenolje og fiskesaus. Ha i finhakka chili og smak til med litt salt og peppar om det trengst.
  4. Vask, skyl og tørk ruccolaen.
  5. Del mangoen i bitar.
  6. Servér ruccola, laks, mango og den spicy sausen straks laksen er ferdig grilla.
grillet laks 20150801-20150801-DSC_0077

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.