Squagetti med pestosaus og sprøsteikt bacon

squash spagetti

Denne retten tek få minutt å lage, og er like fin å ete både til lunsj, middag eller kvelds. Du treng noko for å lage strimlar av squashen, anten ein potetskrellar, eit julienne-jarn, ein spiralizer eller ein ostehøvel. Og gjerne ein stavmiksar for å få most dei friske urtene til skikkeleg pestosaus.

Sidan dette er ein rett eg oftast lagar til ein person får du her oppskrifta på det, og så kan du sjølv doble oppskrifta alt etter kor mange personar du lagar til.

Squagetti med pestosaus og sprøsteikt bacon

Squagetti med pestosaus og sprøsteikt bacon

Til 1 person treng du:

  • 1 squash
  • 3 skiver bacon
  • 1 potte frisk basilikum
  • 1-2 dl extra virgin olivenolje
  • salt og peppar
squashghetti

Slik gjer du:

  1. Start med å steike baconet. La det steike på middels varme på begge sider til det er heilt crispi og sprøtt.
  2. Vask squashen godt. Bruk ein spiralizer og lag tynne strimlar av squashen. Du treng ikkje skrelle squashen først. La kjernen av squashen vere igjen.
  3. Plukk av blada på basilikumplanta og kjør dei til ein glatt saus saman med olivenolje.
  4. Bland 1-2 ss saus med den strimla squashen og server med sprøsteikt bacon til.
pesto

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.