Frukost-smoothie med avokado

frukost-smoothie med avokado Smoothie til frukost er enkelt, raskt og godt. Perfekt når du er lei av å bruke tid på frukost, noko eg kan kjenne litt på etter lange ferie-frukostar. Kanskje er vi fleire?:)

Legg du overmodne bananar i fryseboksen har du alltid klar basen for ein god smoothie. Dess meir moden bananen er, dess søtare blir smoothien -utan at du treng å søte med noko anna.

Frukost-smoothie med avokado

Til 1 frukost-smoothie treng du:

  • 1/2 moden banan (gjerne frosen)
  • 1 avokado
  • ca 2 dl kaldt vatn
  • 1 ts extra virgin kokosolje
  • 1 neve (10-12) blåbær

smoothieSlik gjer du:

  1. Skrell bananen.
  2. Del avokadoen i to og fjern steinen.
  3. Ha banan, avokadokjøt, kokosolje, blåbær og halvparten av vatnet i ein blender og kjør glatt.
  4. Spe med resten av vatnet (eller så mykje du treng) til du får konsistensen du likar på smoothien. Eg likar den ganske flytande.
  5. Nyt ein enkel frukost:)
smoothie med avokado

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.