Krokanis utan ismaskin

heimelaga krokanisVaniljeis er poppis, men vaniljeis med karamellsmak er jo endå betre! For å få skikkeleg god karamellsmak tok eg utgongspunkt i karamellen vi brukar når vi lagar karamellpopcorn -som er ein annan favoritt. Og det kjende seksåringen igjen då han testsmakte krokanisen: «Dette smakar jo nesten karamellpopcorn Mamma!». Treng du fleire argument?

Kanskje at isen skal lagast utan ismaskin?

Enkel og god is, akkurat slik vi treng på ein sommarsdag:)

krokanis utan ismaskin

Til omlag 2 liter is treng du:

  • 6 dl kremfløyte
  • 400 g søt kondensert mjølk
  • 1 ts vaniljeekstrakt (eller frø frå 1 vaniljestang)

Krokan:

  • 150 g mandlar
  • 50 g smør
  • 50 g sukker
  • 50 g sirup
  • 1 klype salt
krokan krokan is krokanis

Slik gjer du:

  1. Lag krokan først. Ha sukkeret i tjukk steikepanne og la smelte på middels varme utan omrøring.
  2. Rør inn sirup og smør i terningar.
  3. La småkoke til du har seig karamellmasse, ca 5 min.
  4. Ha i salt og vend inn mandlane.
  5. Stryk uttover på eit bakepapir og sett til avkjøling. (Gjerne i frysaren.)
  6. Ha kremfløyte, søt kondensert mjølk og vaniljeekstrakt i ein bolle og visp til krem. (Dette tek litt lenger tid enn med berre kremfløyte).
  7. Hakk opp krokanen så grovt/fint som du vil. Eg synest det går fint berre med ein stor kniv.
  8. Bland krokan med issn (hald gjerne tilbake 1/3 for å ha som strø) og hell over i ei form.
  9. Dekk til, og sett i frysaren over natta.
  10. Ta ut isen litt før servering, den er best litt mjuk synest eg, og nyt nydeleg heimelaga is.
hjemmelaget krokanis krokan karamell
Krokanis utan ismaskin_pinterest

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.