Bringebærkrans

bringebærkransEin slik bringebærkrans har eg hatt lyst til å lage heilt sidan eg såg framsida til kokeboka «Slikkepott» første gongen. Det er berre det at kanel og sukker gjer mann og born SÅ glade her i heimen, at det stort sett alltid blir det i staden… MEN NO(!) skulle det skje. Vi er i gong med å tømme frysar, kjøleskap og kjøkkenskap før flytting, og der sto det jaggu eit glas med bringebærsyltetøy. Har du sett? Bringebærkrans it is!

bringebærbolleTil 1 krans treng du:

  • 500 g kveitemjøl
  • 2,5 dl H-mjølk (lunka)
  • 75 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 75 g smør i terningar

Fyll og topping:

  • ca 300 g bringebærsyltetøy
  • perlesukker
  • 1 egg til pensling
bringebærsyltetøyhevet bringebærkrans

Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. (Eg held som regel tilbake 50-100 g av kveitemjølet, og strør det over rett før utbaking.)
  2. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  3. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  4. Dekk med eit lokk/tallerken og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  5. Kjevle deiga til eit rektangel på ca 40×50 cm.
  6. Smør utover bringebærsyltetøy.
  7. Rull saman til ei pølse på langs.
  8. Del pølsa på langs, men la det vere igjen to cm i eine enden.
  9. Flytt pølsa over på eit bakepapir.
  10. Flett kransen ved å leggje den eine delen over den andre, slik at det blir tvinna.
  11. Form ein krans.
  12. Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i 15-20 min.
  13. Set steikeomnen på 180 grader.
  14. Pensle med egg og strø perlesukker på.
  15. Steik i ca 30 min, til kransen er gyllen på undersida. Følg med og legg eit bakepapir over dersom kransen held på å bli brent.
  16. Avkjøl på rist.
  17. Pynt med ekstra bringebærsyltetøy på toppen før servering.
bringebærsnurr bringebær gjærbakst
Bringebærkrans_pinterest

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.