Soyamarinert laks med regnbogesalat

laks soyasausDet er mogleg at eg har blitt inhabil når det gjeld soyasaus etter eitt år i soyasausens verdsdel. Men det passar jo nesten til alt! Salt og godt, og absolutt lett å like.

Inspirasjon til marinaden er henta frå godt.no og Lise Finckenhagen, medan resten av retten er sett saman av det vi hadde i kjøleskapet. Vi prøver å ete flest mogleg fargar kvar dag, og då gir ein regnbogesalat mange klistremerker på ein gong. At det smakar godt er ein bonus;)

regnbuesalat

Til 3-4 personar treng du:

Laks:

  • 500-600 g laks

Marinade:

  • 1 dl ketjap manis (søt soyasaus)
  • 3 ts ingefærrot
  • 1/2 raud chili
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ts sesamolje (eller olivenolje)
  • 1/2 lime
  • 3 ss frisk mynte (eller andre friske urter)

Regnbogesalat

  • 1/4-1/2 raudkål
  • 100 g rukkola
  • 1 vårløk
  • 1 gulrot
  • 10 sukkererter

Dressing:

  • 1/2 dl olivenolje
  • 1 ss ketjap manis
  • 1/2 lime
soyamarinert laks marinade regnbogesalat

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Finhakk ingefær, kvitløk, chili og mynte. Press safta frå limen, og rør saman alt til marinaden.
  3. Ha marinaden over fisken.
  4. Set fisken midt i omnen og steik til fiskekjøtet flakar seg. Ca 15-20 min, avhengig av storleiken på fisken og omnen din.
  5. Medan fisken steiker lagar du salaten.
  6. Snitt kålen og gulrota i tynne strimlar.
  7. Del sukkerertene i to og vårløken i skiver.
  8. Rør saman olivenolje, ketjap manis og safta frå limen.
  9. Hell dressingen over salaten og vend inn.
soyamarinert laks soyamarinert laks med regnbuesalat

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.