Eltefri rundstykker med chiafrø

Eltefri rundstykker med chiafrø

Vi er i gong med å tømme skuffer og skap før heimreise til Norge, og då går alle moglege frø og mjølvariantar inn i dei eltefrie rundstykka. Det er jo nesten umogleg å feile med denne metoden! Her er ein versjon som blei godkjent av både små og store med chiafrø i seg.

eltefritt

Til 10-12 rundstykker treng du:

  • 350 g kveitemjøl
  • 150 g fullkorn-kveitemjøl
  • 50 g linfrø
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g chiafrø
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 5 dl kaldt/lunka vatn
eltefrie rundstykke med chiafrø

Slik gjer du:

  1. Knus linfrø, sesamfrø og chiafrø i ei kvern (kan sløyfast).
  2. Bland alt det tørre i ein bolle, rør inn vatnet og set på lokk.
  3. La heve på kjøkkenbenken i 8-12 t, gjerne over natta.
  4. Strø 1-2 ss kveitemjøl over den ferdigheva deiga og vend den litt saman ved hjelp av ein slikkepott.
  5. Set omnen på 250 grader over- og undervarme med eit steikebrett inni.
  6. Strø litt mjøl på eit bakepapir og hell deiga på dette. Strø mjøl over og nytt ein slikkepott til å forme ei avlang pølse. Eg brettar som regel pølsa dobbel på langs og deler opp rundstykker. Gjer det du synast er enklast og form 10-12 rundstykker.
  7. Ta ut det varme steikebrettet, dra bakepapiret med rundstykka over og set til bake i omnen.
  8. Skru ned temperaturen til 225-230 grader og steik i ca 15 min, til rundstykka er gyldne.
  9. Avkjøl på rist.
no knead chia

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.