Lakseburger i pitabrød

lakseburger i pitabrødLakseburger i pitabrød er lett å lage og lett å like. Du treng ei matmølle (foodprosessor) for at det skal gå raskast mogleg, men har du ikkje det tilgjengeleg kan du for all del nytte ein kniv og dele laksebitane i små, små bitar. Alt går:)

I denne versjonen har eg krydra med frisk persille og vårløk og serverer med ein persille- og sitrondressing på toppen. Litt syrleg og friskt på toppen er alltid godt. Eg lagar gjerne dobbel porsjon og JA(!) det er lov å servere det same til middag to dagar på rad;)

laks i pitabrød

Til 3-4 personar treng du:

Lakseburger:

  • 400-500 g laks
  • 1 vårløk
  • 1 neve frisk persille
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar

I tillegg treng du:

  • 3-4 pitabrød (du kan lage heimelaga om du vil)
  • litt salat
  • 1/2 agurk

Dressing:

  • 6 ss gresk yoghurt
  • 2-3 ss frisk persille
  • Safta frå 1/2 sitron
  • salt og peppar
lakseburger fiskeburger

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Del laksen i terningar og finhakk vårløk og persille.
  3. Ha alle ingrediensane til burgeren i ei matmølle og kjør saman i 10-15 sek til du har ei finhakka blande.
  4. Form burgerar med henda (eller bruk ei form) og steik dei gyldne på kvar side. Legg over i ei eldfast form.
  5. Varm pitabrøda i steikeomnen medan du steiker burgerane i panna.
  6. Set den elfaste forma midt i omnen i 5-10 minutt, til burgerane er gjennomsteikte.
  7. Rør saman dressingen.
  8. Servér burger i pitabrød med salat og dressing til.
persilledressing lakseburger i pita

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.