Crème Brûlée

crème brûléeCréme Brûlée, som tyder brent krem, er ein herleg fransk dessert som er enkel å lage og krev få ingrediensar. Du steiker den i vassbad i steikeomnen og kandiserer litt sukker på toppen rett før servering. Har du ein steikeomn med grillelement kan du nytte det, eller du kan bruke ein brennar til samme formålet.

creme brulee

Til 6 porsjonar Crème Brûlée treng du:

  • 5 dl fløyte
  • 1 vaniljestang
  • 100 g sukker
  • 6 eggeplommar
  • 4-5 ss kokossukker eller demerarasukker til topping
dessert

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 150 grader over- og undervarme.
  2. Splitt vaniljestanga, skrap ut frøa og ha begge deler i ei kasserolle saman med fløyten.
  3. Kok opp, ta av varmen og la avkjøle i 10-15 min.
  4. Skil egga (eggekvitene kan du til dømes nytte til pavlova).
  5. Visp eggeplommer og sukker saman.
  6. Hell i den varme fløyta forsiktig, litt etter litt, medan du rører.
  7. Sil blandinga og fordel over i seks porsjonsskåler.
  8. Set skålene i ei lita langpanne midt i omnen.
  9. Hell varmt vatn i langpanna, slik at det når halvvegs opp på skålene.
  10. Steik i ca 45 min, til desserten er stiv men gjerne litt dissande i midten.
  11. Avkjøl, og oppbevar i kjøleskap fram til servering.
  12. Strø ei lita spiseskei med kokossukker/demerarasukker på toppen av kvar dessert og karamelliser denne ved hjelp av ein brennar eller ved å setje formene høgt oppe under grillelementet i steikeomnen.
  13. Servér med det same!
creme bryleekrem brulee

Oppskrifta har eg opprinneleg funne her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.