Kanelblome

cinnamon flower cakeKanelblome har eg valt å kalle denne flotte gjærbaksten etter den engelske tittelen cinnamon flower cake. Andre namn kan vere kveiteblome (hveteblomst), kveitesnøfnugg (hvetesnøfnugg) eller kanelrose. Same kva du vel å kalle den tippar eg du blir populær når du set den på bordet. Lun kveitebakst med sukker og kanel er ein favoritt både hjå barn og vaksne. Eg har sjølvsagt nytta den alltid gode Schakenda-oppskrifta for å få luftig og god gjærbakst. Nedanfor finn du steg for steg bileter av korleis du går fram for å lage kanelblomen. Fyllet kan også varierast med til dømes syltetøy, vaniljekrem eller sjokoladepålegg. Her er det berre å elte saman deiga og la fantasien få frie tøylar!

kanelblome

Du treng:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll og topping:

  • ca 4 ss smelta smør
  • 3-4 ts kanel
  • 5-6 ts sukker
  • 1 samanvispa egg til pensling
  • 2-3 ts perlesukker eller melis

kanelblomst Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Del deiga i fire. Kjevle den første til ein pizzabotn og legg på eit bakepapir. (Du kan ikkje flytte blomen etter at den er ferdig..!)
  5. Ha på smør, strø over kanel og sukker.
  6. Gjer det same med dei to neste deigemna, og avslutt med å legge den siste på toppen.
  7. Del opp som vist på bileta, tvinn to og to strimlar frå kvarandre rundt heile blomen. Eg synest tre rundar/vriar er passe. Legg skøytane mot kvarandre.
  8. Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i 10-15 min. (Hevar du for lenge viser mønsteret på blomen dårlegare.)
  9. Set steikeomnen på 180 grader.
  10. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 30-40 min, til blomen er gyllen på undersida (løft forsiktig for å sjå).
  11. Avkjøl på rist.
kveiteblome gjærbakst kveitesnøfnugghvordan lage hveteblomstkanelblomekanelblomst kanel kake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.