Fiskegrateng med kokosmjølk og blomkål

fiskegrateng med kokosmjølk og blomkål

Å du hildrande fiskegrateng! Kan ein få betre kvardagsmiddag? Og kan fisk bli lettare å like for små og store? Nei, seier eg -og er jublande glad over å ha fått til ein versjon som er naturleg gluten- og mjølkefri og som smakar nyyyyyyydeleg godt likevel!

Deilig muskatsmak og sprø topping -og sjølv om mange av ingrediensane har ordet kokos i seg er det ikkje kokossmak av denne. Prøv så ser du, og så har du servert ein ekstra sunn og god middag til familien den dagen. Og kanskje dagen etter, om du er så heldig at du har restar!

heimelaga fiskegrateng

Til omlag 4 personar treng du:

  • 400-500 g kvit fisk (eg brukte lomre)
  • 1 løk
  • 1 blomkål
  • 4 egg
  • 3-4 ss kokosolje + litt til steiking
  • 2 ss kokosmjøl
  • 2 dl kokosmjølk
  • 1/2 ts muskat
  • salt og peppar
  • 2 ss mandelmjøl
  • 2 ss kokosmasse
hjemmelaget fiskegrateng paleo fiskegrateng

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Steik fisken i litt kokosolje til den flakar seg. Set til side.
  3. Hakk løken og del blomkålen i mindre bitar.
  4. Steik løken til han blir blank.
  5. Skil egga, slik at du har plommane i ei skål og kvitene i ei anna.
  6. Lag kvit saus: ha kokosolje i ei lita kasserolle på middels temperatur. Rør inn kokosmjølet. Ha i kokosmjølka og rør for å unngå klumpar.  Rør inn eggeplommane (pass på at ikkje sausen er for varm, slik at det blir eggerøre), og ha i muskat, salt og peppar.
  7. Stivpisk eggekvitane.
  8. Bland saus, fisk, løk og blomkål saman. Vend forsiktig inn eggekvitane.
  9. Bland saman mandelmjøl og kokosmasse og ha dette over.
  10. Steik i ca 30 min på 200 g.
  11. Server med raspa gulrot og kokte poteter.
fiskegrateng aip

Tips til enkel middag: Lag alt klart kvelden før, sett den i kjøleskapet og ha den i omnen når du kjem heim. Kok poteter og nyt ein halvtime til å gjere heilt andre ting enn å lage middag:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.