Kyllingsuppe med gurkemeie og ingefær

lindrandre kyllingsuppe

Denne kyllingsuppa er nydeleg, og som med alle supper og gryter: enda betre når du varmar den opp dagen etter -så lag ein stor porsjon! Suppa har gurkemeie og ingefær i seg som forutan å gi ein nydeleg smak også har lindrande effekt, og skal vere vidunderleg mot betennelse. Så om du kjenner deg litt slapp eller tenkjer at du har lyst å lage noko som er godt for kroppen; lag denne suppa og nyt!

kyllingsuppe

Til ca 4 personar treng du:

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 tommelstor bit ingefærrot
  • 2 ss kokosolje (eller anna steikolje)
  • Kjøt frå 1 heilsteikt kylling (eller 2-3 kyllingfilet)
  • 2-3 gulrot
  • 1 søtpotet
  • 2 stilkar stangselleri
  • 1/2-1 ts gurkemeie
  • 1 ts salt og 1/2 ts peppar
  • ca 2 liter kraft (eller vatn + buljong)
  • Safta frå 1/2 sitron
  • Frisk koriander på toppen
kyllingsuppe med gurkemeie og ingefær

Slik gjer du:

  1. Del løken i terningar og finhakk kvitløk og ingefær.
  2. Skrell og del søtpotet og gulrot i mindre bitar/terningar og del stangsellerien i skrå bitar.
  3. Fres løken i olja til den blir blank, ha i kvitløk, ingefær og gurkemeie og la det frese med i 1-2 min.
  4. Ha i gulrot, søtpotet og stangselleri og fres vidare i 1-2 min før du har i kraft/vatn.
  5. Kok opp og la småkoke til gulrota er mør, ca 10-12 min.
  6. Del kyllingen i bitar og ha i, la småkoke/trekke til kyllingen er varm/gjennomkokt.
  7. Ha i sitronsafta og server med frisk koriander til!
kylling suppe

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.