Kyllingkraft

kyllingkraft

Å koke kraft er herleg enkelt og utruleg godt. Det løftar ei suppe like mykje som det står i alle oppskrifter, og det er kjekt å kunne ha skikkelege varer av og til og ikkje alltid måtte ty til buljongterningen. Er du heime ein kveld er det berre å få gryta på omnen, så treng den berre å stå der i fred så lenge du har tid, men i allefall 3-4 timar. Sil av og oppbevar krafta i kjøleskap eller frys ned, så har du klart neste gong du skal lage noko. Vil du lese meir om alt som er bra med kraft anbefalar eg at du klikkar deg inn på Gry sine sider her, og når du har gjort det er det berre å gå i gong! Eg tek vare på restane (skroget) når vi lagar heilsteikt kylling, og legg dei i frysaren til ein kveld det passar å koke kraft, men du kan sjølvsagt koke kraft på dei beinrestane du har tilgjengeleg.

koke kraft

For å lage denne kyllingkrafta treng du:

  • 2 kyllingskrog
  • 1 løk
  • 2-3 stangselleri
  • 2 gulrot
  • 1 ts eplecidereddik (eller anna syre for å få minerala ut av beina)
  • 2 laurbærblad
  • ca 3 liter vatn
  • salt og peppar
kraft

Slik gjer du:

  1. Del grønsakene i grove bitar og ha dei i ei stor gryte saman med kyllingskroga.
  2. Fyll vatn slik at alt er dekka.
  3. Ha i eplecidereddik, laurbærblad, salt og peppar.
  4. Kok opp (og skum av om du gidd).
  5. La småkoke så lenge du har tid. (Eg let lokket ligge halvvegs på).
  6. Sil krafta gjennom eit dørslag, og kast grønsaksrestane. Kyllingbeina som framleis ser fine ut kan du gjerne fryse og koke kraft på enno ein gong.
  7. Ha krafta tilbake i gryta og kok vidare heilt utan lokk, slik at mykje av veska fordampar. På denne måten får du meir konsentrert kraft og betre plass i frysaren din.
  8. Fordel i små glas og avkjøl. Set i kjøleskapet eller frys ned. La laget av feitt som ligg på toppen ligge, så held krafta seg enda lenger.
heimelaga kraft

Her finn du framgongsmåte for korleis du enkelt kan lage nydeleg kraft av rekeskal. Perfekt til fiskesuppe!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.