Karamell popcorn

karamell popcorn

Karamellpopcorn er himmelsk godt, og ein stor favoritt her i huset. Du poppar popcorn på vanleg måte, blandar det med karamell og steiker det til slutt i steikeomnen. Klissete, søtt og salt på ein gong, noko som både små og store likar med andre ord.

Vi har testa ulike oppskrifter, og har funne ut at det beste resultatet får du om du nyttar sirup i karamellblandinga. Her får du vår favoritt!

karamellpopcorn

Til ei stor skål treng du:

  • 2 ss kokosolje (kan erstattast med solsikkeolje)
  • 100 g popcorn
  • 150 g smør
  • 150 g kokossukker eller brunt sukker
  • 150 g sirup (både lys og mørk funkar fint)
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1/2 ts (himmalaya) salt
  • 1/4 ts natron
popcorn med karamell heimelaga karamell popcorn

Slik gjer du:

  1. Set steikeomen på 160 grader og dekk to steikebrett med bakepapir.
  2. Ha oljen i ei stor gryte, ha i popcornet og legg på lokket. Pop popcornet på middels-høg varme, rist på gryta med jamne mellomrom og følg nøye med slik at du ikkje brenn det. Ha over i ein bolle og sett til side.
  3. Smelt smør, sukker og sirup til ei jamn blanding på middels-høg temperatur. Rør heile tida, og la karamellen koke til den har blitt jamn og litt seig, ca 5 min (avhengig av varme og storleik på kjelen din).
  4. Ha i vaniljeekstrakt, salt og natron og rør godt. Natronet skal lage massevis av luftbobler inne i karamellen slik at den lettare dekkjer karamellen.
  5. Hell karamellen over popcornet og bland godt.
  6. Fordel utover dei to steikebretta, og sett begge bretta i omnen.
  7. La steike i 15 min, følg med så det ikkje blir brent på slutten.
  8. Avkjøl på bakepapir.
  9. Knekk opp karamellpopcornet og ha i ei skål Nyyt!:)
caramell popcorn karamell popkorn

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.