Sunn Taco

sunn taco

Taco sunt sa du?

Ja, klart det er det! Unngå dei ferdigkjøpte glasa med sukker og ingrediensar ein ikkje klarer å uttale. Lag guacamole av nesten berre avokado og nyt dei gode smakane med godt samvit. Massevis av grønsaker, heimelaga krydder og salatblad i staden for salte tacoshell.

Og smaken? Fantastisk! Denne guacamolen er min absolutte favoritt,  med rikeleg av limesaft som gjer det lille ekstra. Berre prøv så skal du sjå!

taco

Til 3-4 treng du:

  • 400 g kjøttdeig/karbonadedeig
  • 2 ss heimelaga tacokrydder
  • 1 løk
  • 1/2 dl vatn
  • Salatblad av typen hjartesalat/romanosalat
  • frisk koriander
  • (Rømme)
  • (Riven ost)

Guacamole:

  • 2 avokado
  • 1 fedd kvitløk
  • 5 cherrytomatar
  • Safta frå 1-2 lime
  • salt og peppar

Salsa:

  • 1 liten raudløk
  • 10-15 cherrytomatar
  • 1/2 raud chili eller 1/2 ts chilipulver
  • salt og peppar
salsa

Slik gjer du:

  1. Lag salsaen først ved å dele alt i små bitar og blande saman. La stå og trekke.
  2. Del løken i bitar og steik den til den blir blank.
  3. Ha i kjøttdeiga, bland godt inn tacokrydderet og steik til kjøttdeiga er gjennomsteikt.
  4. Hell over vatnet og la småputre på låg varme medan du rører saman guacamolen.
  5. Del avokadoane i to, fjern steinen og mos kjøttet ved hjelp av ein gaffel.
  6. Finhakk (eller bruk ei presse) kvitløken og del tomatane i små bitar.
  7. Ha over limesaft, salt og peppar og bland godt.
  8. Skyl salatblada og tørk dei gjerne i ei salatslynge så held dei seg betre.
  9. Servér alt med frisk koriander til, og gjerne rømme og riven ost.

PS. Det er sjølvsagt lov å servere nachochips til om du vil det altså;)

guacamole

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.