Krema squash med røykalaks og fennikel

krema squash med røykalaks og fennikel

Dette er ein knallgod variant av denne retten, berre at her nyttar du squash i staden for pasta. Då får du i deg enno fleire grønsaker den dagen, og du treng i tillegg ikkje tenke på glutenfrie alternativ til dei som ikkje toler pasta. Nydeleg anissmak av fennikelen og herleg «slurpe i seg middagen-konsistens» laga på 15-20 min. Dette må du prøve:)

Krema squash med røykalaks og fennikel

Til 2-3 personar treng du:

  • 1 fennikel
  • 1/2-1 rødløk
  • 3 dl crème fraîche
  • 2 squash
  • 200 g røykalaks
  • 100 g grøne erter (gjerne frosne)
  • salt og peppar
  • Fennikelkvastane og ein skvis sitron (kan sløyfast)
squash pasta

Slik gjer du:

  1. Del rødløk og fennikel i terningar og fres i ei panne til løken er blank.
  2. Ha over crème fraîche, krydre med salt og peppar og la dette småkoke i ca ti min.
  3. Skyll av ertene og ha dei i siste minutta slik at dei blir gjennomvarme.
  4. Bruk eit juliennejarn eller eit rivjarn og lag strimlar av squashen.
  5. Bland squash med sausen og ha over strimla røykalaks.
  6. Bruk kvastane øvst på fennikelen som krydderurter og ha over ein skvis sitron.
  7. Servér:)
krema pasta

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.