Kjøttkaker i sjysaus

kjøttkaker

Kjøttkaker i sjysaus eller heimelaga kjøttkaker treng vel eigentleg ikkje noko introduksjon i det heile tatt. Klassisk kvardagsmat som er populært både hjå små og store.

Det tek ikkje lenger tid å lage kjøttkaker enn at du kan gjere det på ein heilt vanleg ettermiddag. Det er når du skal steike opp store mengder at det er greit å setje av litt tid. Då har du jo fordelen av å ha klar middag i frysaren som berre kan varmast opp, som er ein av mine favorittmåtar å lage middag på.

Men altså -desse kan du fint lage ein heilt vanleg kvardag, etter jobb, skule og barnehage. Med sjysaus får du god smak frå løken og saknet av den brune sausen var ikkje til stades i det heile. Eg vil gjerne ha tyttebærsylte til, men det er jo ei smaksak. Litt grøn persille smakar også godt på potetene, men leit fram det du har eller likar, her er det fritt val.

 

Kjøttkaker i sjysaus til ca 4 personar:

  • 500 g kjøttdeig
  • 1 1/2 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1/2 ts muskat
  • 1/2 ts fersk riven ingefærrot
  • 1 toppa ss potetmjøl
  • 2 dl mjølk

Sjy:

  • 1/2 løk
  • litt smør
  • 5-6 dl kraft el vatn + buljongterning

Servert med:

  • poteter og gulrot
  • tyttebærsyltetøy
kjøttkaker glutenfri

Slik gjer du:

  1. Skrell poteter og gulrot og set over til koking.
  2. Kna (eller bruk K-spaden på kjøkkenmaskina) kjøttdeiga saman med saltet til deiga blir seig. Ha i potetmjøl og krydder og bland godt inn.
  3. Spe med mjølka, litt og litt om gongen.
  4. Smelt smør i ei steikepanne og form kjøttkaker, anten med henda eller ved å bruke ei spiseskei, som du legg i panna.
  5. La kjøttkakene steike 3-4 minutt på kvar side til dei har fått farge.
  6. Hakk løken og ha den i panna saman med kjøttkakene, la den bli blank før du har over krafta.
  7. Kok opp og la kjøttkakene trekke til dei er ferdige.
  8. Server med kokte poteter og gulrot-og legg gjerne til ertestuing eller kålstuing og tyttebærsylte.
kjøttkaker paleo

Oppskrifta på kjøttkakene er henta frå Ole Martin Alfsen si kokebok «Hverdagsmat».

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.