Pitabrød med spelt

pitabrød

Heimelaga pitabrød er eit godt startpunkt for å finne ut kva ein skal lage til middag. Med det tilgjengeleg kan du lett røre saman litt kjøttdeig med krydder og lage hamburger eller kjøttbollar og putte inni. Litt salat og kjøttpålegg frå kjøleskåpet kan vere ei anna løysing om det skal gå kjapt.

I denne oppskrifta har eg nytta ei blanding av speltmjøl og kveitemjøl, men du kan velje å bruke berre den eine typen om det er det du har i kjøkkenskuffa.

Til 8 pitabrød treng du:

  • 3 dl mjølk
  • 150 g speltmjøl
  • 350 g kveitemjøl
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 2 ss olivenolje
heimelaga pitabrød

Slik gjer du:

  1. Bland alt det tørre og ha i fingervarm mjølk.
  2. Elt saman til du har ei jamn deig, dekk bollen med lokk eller plastfolie og la heve i 30-60 min.
  3. Set omnen på 250 grader over- og undervarme.
  4. Del deiga i 8 like store emner, trill til bollar og kjevle flate.
  5. Legg fire pitabrød på eit steikebrett kledd med bakepapir og steik midt i omnen i 4-5 minutt. Følg med! Dette går fort frå ferdig til brent.
  6. Avkjøl på rist, før du deler opp og fyller med godsaker.
pitabrød med spelt

Denne oppskrifta er henta og inspirert av Elin Larsen sin fine matblogg som du finn her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.