Lammekjøttbollar i pita med tzatziki

lammekjøttbollar pita tzatziki

Lammekjøtt er tilgjengeleg på alle butikkar her i KL, men får du ikkje tak i det på din lokale butikk i Norge kan du fint bruke vanleg storfekjøtt/kjøttdeig. Dette er uansett ein rask og god kvardagsrett som ikkje tek mange minutta å få på bordet. Denne gongen blei det ferdigkjøpte pitabrød her, men du kan sjølvsagt lage dine eigne! Kidsa fekk servert det heile  «umontert», slik at dei kunne smake på alt, og ete det dei likte -det skiftar jo gjerne frå dag til dag….

kebab

Til 3-4 personar treng du:

Lammekjøttbollar:

  • 300 g lammekjøttdeig
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 neve hakka persille
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss paprikapulver
  • 1 ss spisskummen (cumin)
  • 1/4 ts kanel
  • 1/4 ts chilipepper

Tzatziki:

  • 1/2 agurk
  • 1-2 dl gresk yoghurt
  • 1 fedd kvitløk
  • salt og peppar

I tillegg treng du:

  • Pitabrød
  • Salat
kjøttboller

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Ha alle ingrediensane til lammekjøttbollane i ein bolle og bland godt saman (gjerne med K-spaden på kjøkkenmaskina).
  3. Del deiga i ca 14 like store delar, og form runde kjøttbollar. Legg dei i ei eldfastform og set dei i omnen i ca 10 min, til dei er gjennomsteikte.
  4. Riv agurk på eit rivjarn og ha over litt salt. La ligge i 5 min, før du knip så mykje vatn som du kan. Bland agurk med pressa/finhakka kvitløk og yoghurt. Smak til med salt og peppar.
  5. Varm pitabrøda nokre få minutt i omnen og middagen er klar til servering!
Lammekjøttbollar i pita med tzatziki

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.