Krema pasta med røykalaks og fennikel

krema pasta med røykalaks og fennikel

Denne retten er laga i ei fei, og smakar veldig godt! Oppskrifta er innspirert av ein rett med same namn i Ole Martin Alfsen si nye bok «Hverdagsmat», men er ikkje identisk. «Man tager hva man haver» er den gyldne regelen som blir kjekkare og kjekkare å nytte seg av dess tryggare eg blir på kjøkkenet. Ingenting er som å prøve og feile på kjøkkenet, det er verkeleg måten å lære på! Så kva ventar du på?;)

Til 2-3 personar treng du:

  • 1 fennikel
  • 1/2-1 rødløk
  • 3 dl crème fraîche
  • ca. 400 g pasta
  • 200 g røykalaks
  • 100 g grøne erter (gjerne frosne)
  • salt og peppar
  • Friske urter og ein skvis sitron (kan sløyfast)
pasta laks

Slik gjer du:

  1. Kok pasta.
  2. Del rødløk og fennikel i terningar og fres i ei panne til løken er blank.
  3. Ha over crème fraîche, krydre med salt og peppar og la dette småkoke medan pastaen kokar ferdig.
  4. Skyll av ertene og ha dei i siste minutta slik at dei blir gjennomvarme.
  5. Legg opp pasta, saus og strimla røykalaks. Ha over friske urter (eller bruk kvastane øvst på fennikelen) og ein skvis sitron.
  6. Voilá! Super-kjapp middag som smakar digg!
krema pasta

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.