Ovnsbakt laks med krema spinat og quinoa

ovnsbakt laks med krema spinat og quinoa

Enkel middag med laks som er lett å like og som har supert tilhøyr. Quinoa er nemleg kalla «superfrøet» fordi det innheld så mange næringsstoff. Spinat på toppen av det heile er heller ikkje dumt, og på 20-30 minutt har du super-middagen på bordet.

Quinoa til overs er digg å spare på til salaten dagen etter eller ha i deiga når du skal lage eltefrie rundstykker eller brød. Har du ikkje kjøpt quinoa før kan du leite i velassorterte daglegvarebutikkar eller stikke på helsekost:)

Til 2-3 personar treng du:

Laks:

  • 400-500 g laks
  • 1/2 sitron
  • litt salt

Krema spinat og quinoa:

  • ca 200 g spinat
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 vårløk
  • 1 dl fløyte
  • 2 dl quinoa
  • 4 dl vatn
  • 1 klype salt
  • salt og peppar
  • friske urter på toppen

 

quinoa

Slik gjer du:

Laks:

  1. Set steikeomnen på 160 grader.
  2. Legg laksen på eit eldfast fat, ha over salt og legg på eit par skiver sitron.
  3. Steik i 15-20 min, til fisken flakar seg.
kremet spinat

Quinoa:

  1. Ha quinoafrøa i eit dørslag og skyll dei godt for å få vekk bittersmaken.
  2. Ha frøa i ei kasserolle saman med vatnet og ei klype salt.
  3. Kok opp og la småkoke med lokk i ca 15 min, til frøa opnar seg. Ta av lokket og la dampe tørre.
  4. Reins spinatblada, skyll og tørk dei i ei salatslynge.
  5. Finhakk kvitløk og vårløk.
  6. Surr løken i ei panne nokre minutt. Ha i spinatblada og steik til dei fell saman, medan du rører.
  7. Hell over fløyte og krydre med salt og peppar.
  8. Bland inn den ferdigkokte quinoaen tilslutt.
  9. Server med friske urter på toppen:)
ovnsbakt laks

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.