Mini-pavlova med pasjonsfrukt og krem

mini-pavlova

Pavlova ER så godt….! Kanskje ein av min absolutte favorittar. Skal du ha gjestar til bords er det jo unektelig ekstra stas å servere dessert til ein og ein, og då er mini-pavlova genialt og nydeleg godt. Du kan lage botnane mange dagar i førevegen, og ha klar kremen ferdig vispa i kjøleskapet. Så er det berre å montere og servere på 1-2-3. Bruk den frukta eller dei bæra du har:)

pavlova

Til 10 mini-pavlova treng du:

  • 5 eggekviter
  • 250 g sukker
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 1/4 ts salt
  • 1 ss maizena

Pynt:

  • 3 dl kremfløyte
  • 1 ss sukker
  • 4-5 pasjonsfrukter
  • frisk mynte el. sitronmelisse
mini-pavlova med pasjonsfrukt

 

  1. Pisk eggekviter, salt og litt av sukkeret til mjuk marengs. Ha i resten av sukkeret litt etter litt og tilslutt balsamicoeddiken. Auk hastigheita og pisk til det blir tjukk marengs.
  2. Sikt i maizena.
  3. Ha over i ein plastpose, klipp eit fingertjukt hol og sprøyt 10 marengsbotnar på to bakepapirkledde steikebrett.
  4. Steik på 150 grader i 50-60 min.
  5. Avkjøl heilt. (Dette kan gjerast fleire dagar før)
  6. Pisk kremfløyta blanda med 1ss sukker.
  7. Ha ein kremklatt på kvar botn.
  8. Del pasjonsfrukta i to og bruk ei teskei for å skrape ut innhaldet. Bruk ca ei halv fruk på kvar porsjon.
  9. Pynt med friske urter og server med det same:)
mini pavlova

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.