Brytebrød med havregryn

brytebrød med havregryn

Brytebrød med havregryn er eigentleg rundstykker med havregryn, steikt på ein litt finare måte. Sidan det er jul og all ting! Eg nytta ei vanleg rund kakeform på 24 cm, men manglar du det kan du fint lage brytebrød utan form rundt.

Fin-fin å setje på bordet til ein god julelunsj eller felles kveldsmat, og utan frø og korn slik at både små og store born kan like det.

Eitt 24 cm brytebrød med havregryn:

  • 4 dl lunka mjølk
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1/2 ts salt
  • 4 dl havregryn
  • ca 6 dl kveitemjøl

+

  • 1 egg til pensling
  • havregryn til pynt
ryndstykker

Slik gjer du:

  1. Varm mjølka slik at den er fingervarm.
  2. Tilset det tørre, hald tilbake litt av kveitemjølet, og elt i kjøkkenmaskin i ca ti min. Juster mjølmengda mot slutten om det trengst.
  3. Dekk med plast eller lokk og hev til dobbel storleik eller så lenge du har tid.
  4. Form rundstykke og legg dei i ei rund kakeform dekka med bakepapir.
  5. La etterheve i ca 30 min.
  6. Pensle med eit lett samanvispa egg og strø havregryn over.
  7. Steik midt i omnen på 200 grader, over og undervarme, i ca 30 min. Følg med på slutten.
  8. Avkjøl på rist.
brytebrød

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: @kvardagsmat for meir matglede og inspirasjon til kva du kan setje på bordet:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.