Himmelske havregrynskuler

Himmelske havregrynskuler

Denne oppskrifta fekk eg lenkje av frå ein av mine facebook-venar. Med dansk mor har dei tradisjon for å lage desse havregrynskulene med portvin, og ho anbefalte dei varmt vidare. Eg skjønte kvifor allereie då eg rørte saman «deiga» og måtte tjuvsmake… Dette er jo konfekt! Fantastisk godt, og mitt første møte med eigenkjøpt portvin gav meirsmak.

Om mi veninne og hennar mor lagar oppskrifta fullt ut veit eg ikkje, men eg enda opp med å halvere den. Og då eg var klar til å starte halverte eg den ein gong til….! Dette er altstå ein fjerdedel av originaloppskrifta og gir 25-30 mjuke kuler med nydeleg smak. Himmelske altså!

helenes himmelske havregrynskugler

Himmelske havregrynskuler

Til ca 30 kuler treng du:

  • 250 g havregryn
  • 200 g sukker
  • 2 ss portvin
  • 1 dl sterk kaffi, avkjølt
  • 1/2 dl kakaopulver + litt ekstra for å rulle kulene i tilslutt
  • 75 g mjukt smør
  • 1 ts mandelessens

Slik gjer du:

  1. Ha alt i ein bolle og elt saman til du har ei jamn deig. (Eg brukte kjøkkenmaskina).
  2. Sett til avkjøling i kjøleskap i ein halvtime.
  3. Ha litt kakaopulver i ei flat skål.
  4. Form kuler og trill dei i kakaopulveret (eller bruk kokosmasse).
  5. Oppbevar kulene kjølig, og nyyyt små konfektbitar.
portvinskuler

 

sjokoladekuler

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.