Sarah Bernhardt

Sarah Bernhardt er konfekt-kake på sitt beste. Med nydeleg mandelmakron som botn, deilig fluffy sjokoladefyll og knasande sjokoladetrekk på toppen er dette perfekt ettermiddagsdessert.

sarah bernhardt

Sarah Bernhardt

På bileta ser du at eg har laga dei litt store i størrelse, men du kan fint lage 30 stk av denne oppskrifta i staden for 20 stk. Då blir dei litt mindre munnfuller, så kan ein heller ete fleire enn berre ei. Alternativt kan du lage nokre små og nokre store. Berre pass på å steik makronane med same storleik på same brettet, så unngår du at dei minste blir brende.

sara bernhard

Og det beste med heile kaka? Du oppbevarer den i frysaren og tek den opp berre 10-15 minutt før du treng den. Sidan dei er så små tinar dei på null komma niks. Perfekt når det kjem julegjestar på besøk!

Oppskrift på Sarah Bernhardt

20 stk / 10-12 porsjonar / Tid: 1t + 1t dagen etter

Botn

  • 200 g mandlar
  • 150 g melis
  • 2 eggekviter

Fyll

  • 3 dl fløyte
  • 150 g mørk sjokolade

Sjokoladetrekk

  • 200 g mørk sjokolade
  • 3 ss kokosolje (eller delfiafeitt)
  1. Botn:
    Sett omnen på 180 grader. Mal mandlane og bland inn melis.

    Visp eggekvitene lett saman med ein gaffel. Rør inn eggekvitene i mandel-melis-massen.

    Del i 20 like store bitar og trill kuler som du set på eit bakepapirkledd steikebrett. Trykk kulene flate.

    Steik i ca 10 min til makronane er gylne. Avkjøl på rist.

  2. Fyll:
    Kok opp fløyten. Trekk kasserollen av varmen og ha i hakka sjokolade.
    Vent 3-4 minutt før du rører til alt er oppløyst.
    Sett kaldt i 4-6 timar eller over natta.

    Visp sjokoladefløyten til luftig krem.
    Ha kremen i ein plastpose, klipp eit lillefinger-tjukt hol og sprøyt små toppar på kvar makron. Sett i frysaren medan du lagar klar sjokoladetoppingen.

  3. Sjokoladetopping:
    Hakk sjokoladen. Ha sjokoladen i ein bolle som tåler varme saman med kokosoljen.
    Smelt den over vassbad.
    Aus sjokolade over kvar kake. Oppbevar i kjøleskap eller frysar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.