Harde vaflar

harde vaflar Vaflar er ein sikker vinnar og noko som fell i smak hjå dei fleste gjestar. Men vaflar er jo absolutt best når dei er nysteikte. Kva gjer du då når du skal servere vaflene dagen etter? Jo då lagar du harde vaflar med potetmjøl, også kalla tørre vaflar, kakevaflar og hardevaflar! Knallgode og haldbare, nesten som kjeks:)

Du treng:

  • 4 egg
  • 250 g sukker
  • 250 g smør
  • 350 g potetmjøl
  • 200 g kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker

harde vafler Slik gjer du:

  1. Smelt smøret og la det avkjøle litt.
  2. Pisk egg og sukker til luftig eggedosis.
  3. Ha i smøret litt og litt.
  4. Bland saman alt det tørre.
  5. Sikt det tørre i og vend inn.
  6. Smør vaffeljarnet med litt smør og steik vafler på vanleg måte.
  7. Avkjøl på rist og oppbevar i tett boks.
vafler

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.