Verdas beste peparkaker

I bloggverda må tittelen minst vere verdas beste om ein skal nå fram i den store julekake-jungelen! Men eg overdriv ikkje her altså! Dette er verkeleg verdas beste peparkaker! Spør du meg då. Eg hugsar at mamma fekk oppskrift frå ei veninne då vi var små, og det var eit før og eit etter den oppskrifta kom i hus.

pepperkaker

Vi har baka desse peparkakene kvart år heime, ofte i to porsjonar og med dobbel oppskrift… Vi har ete peparkaker frå tidleg advent til langt ut på nyåret. Først med mest mogleg melis og flest non stop på. I tenåra gjerne dyppa i ein varm kopp te bøygd over lekseboka. Og som vaksen med blåmuggost og litt honning på. Mmmmmmm!

peparkake

Verdas beste peparkaker

Deigen er enkel å jobbe med, og gjer at det er kjekke julekaker å bake for born også. Det enklaste er å lage deigen kvelden før, sette den i kjøleskap over natta og så vere klar til baking dagen etter.

verdens beste pepperkaker

Oppskrifta er stor nok til at du kan kaste den klumpen som minstemann slikka på eller mista på golvet. Eller du kan dele deigen i to og bake over fleire dagar. Det endar som oftast vi opp med, sidan det ofte berre er første brettet som er stas å bake for dei minste. Men det går fint, deigen held seg lenge i kjøleskap i tett boks.

peparkakedeig

bake pepperkaker

TIPS:

  • Pakk deigen i plast, så slepp du å streve med å få den ut av ein bakebolle. Den blir nemleg hardpakka etter avkjøling i kjøleskap.
  • Start med ein liten klump deig og kna den godt slik at den blir passe varm og lett å jobbe med. Ta med ein ny liten bit av den kalde deigen for kvar gong. På den måten blir ikkje deigen for varm og er enkel å jobbe med.
  • Ha same størrelse på figurane på kvart brett slik at ikkje nokre blir brende og andre for mjuke når dei skal steikast.
  • Oppskrifta kan enkelt halverast om du synest det blir mykje. Eller du kan oppbevare den i tett boks i kjøleskapet, den held seg lenge. Eller bake peparkakehus?

verdens beste pepperkaker

Oppskrift på Verdas beste peparkaker

/ Tid: 30 min / 2 t avkjøling / 2-3 t baking og steiking

  • 3 dl vatn
  • ½ dl lys sirup
  • 2 ss kanel
  • 2 ss nellik
  • 2 ss ingefær
  • 750 g sukker
  • 2 ss natron
  • 425 g smør
  • ca 1400 g kveitemjøl
  1. Bland saman vatn, sirup, krydder og sukker og gi det eit lett oppkok, set til side for litt avkjøling.

  2. Smelt smøret og ha i natron. La det boble og frese ferdig før du blandar det med sirup/krydderblandinga.

  3. Elt i mjølet litt etter litt til du får ei fast fin deig. (Eg stoppar som regel på 1300-1350 g, og har heller litt mjøl i bakhand når vi skal bake.)
    Pakk deigen inn i plast og legg den i kjøleskap i minst 2 timar, gjerne over natta. (Sjå tips over)

  4. Bruk mjøl på bordet når du kjevlar den ut, stikk ut pepperkakefigurar og legg dei på bakepapirkledd steikebrett.

  5. Steik midt i omnen på 200 grader til dei er gylne i kanten, alt frå 5-10 min. Følg med, din omn kan vere annleis enn min.

  6. Avkjøl på rist før du legg dei i kakeboksen eller pyntar med melis og Non Stop.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.