Black pepper sauce wok

black pepper wok

Dette er ein av mine asiatiske favorittar og det var god stemning i heimen då vi fann ut av vi kunne lage sausen sjølv, utan å kjøpe ein ferdig pakke! Denne lagar du på få minutt, og eg tippar du blir rimeleg populær når de set dykk ned rundt bordet:)

Til 3-4 personar treng du:

  • 400 g storfekjøtt (vi brukte indrefilet)
  • 2 ss solsikkeolje eller kokosnøttolje
  • 1 fedd kvitløk
  • Ingefærrot på størrelse med ein tommel
  • 1 raud paprika
  • 1 grøn paprika
  • 1 gul paprika
  • 1 løk
  • 2 ss sesamfrø

Saus:

  • 1,5 dl oyster sauce
  • 4 ts soyasaus
  • 1,5-2 ts svart peppar
  • 3-4 ts honning
  • 2 ts kvitvin/eplejuice/eddik/riseddik
  • 1 ts sesamolje

 

black pepper sauce wok

Slik gjer du:

  1. Rør saman alle ingrediensane til sausen.
  2. Del kjøtet i tynne skiver med ein skarp kniv.
  3. La kjøtet marienere i sausen i 15 min.
  4. Del paprika og løk i bitar/strimlar, la dei gjerne ha litt størrelse. Finhakk kvitløk og ingefær.
  5. Ha 1 ss olje i wok/steikepanna og steik biffbitane på medium/høg varme til dei er gjennomsteikte. Marinaden som blir igjen tek du vare på til seinare. Rør heile tida. Ha over på ein tallerken og set til side.
  6. Ha ny olje i panna og fres kvitløk og ingefær i eitt minutt eller to.
  7. Ha i paprika og løk, steik til løken blir blank.
  8. Ha i kjøtet igjen, hell over resten av marinaden og la det blir varmt.
  9. Strø over sesamfrø og server med ris.
black pepper beef

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.