Havrekjeks med sjokoladebitar

havrekjeks med sjokoladebiter

Dette er favorittkjeksa til eldstemann på fem og han har vore med på å lage dei sidan han var to år. Då kom nemleg oppskrifta for første gong på Trines matblogg, og kjeksa har vorte laga maaaange gongar etter det.

Vi deler stort sett alltid deiga i to og legg den eine delen i frysaren. Då kan eg lett imponere med nysteikte kjeks ein dag vi ikkje har tid til å bake frå scratch. Eg veddar på at dette blir dine favorittkjeks og, berre prøv så skal du sjå;)

Til ca 36 kjeks treng du:

  • 100 g havregryn
  • 200 g romtemperert smør (eller 100 g smør + 100 g extra virgin kokosolje)
  • 125 g brunt sukker
  • 125 g kvitt sukker
  • 2 egg
  • ca 350 g kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 vaniljestang (eller 1 ts vaniljesukker)
  • 200 g hakka mørk sjokolade
sjokolade cookies

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Rist havregryna lett ved å steike dei i ei tørr steikepanne i nokre minutt. Rør heile tida, slik at dei ikkje blir brent. Avkjøl på ein tallerken.
  3. Rør smør og sukker luftig i ei kjøkkenmaskin. (Brukar du halvparten kokosolje tilset du den i ein tynn stråle etter at smør og sukker er godt blanda).
  4. Ha i egga, eitt i gongen, og bland dei godt inn.
  5. Skrap ut frøa frå vaniljestanga og ha dei i.
  6. Bland kveitemjøl med natron. Sikt dette inn, ha i havregryna og bland godt.
  7. Vend tilslutt inn sjokoladebitane.
  8. Form til ei avlang pølse og del opp i bitar som du trillar til kuler. (Om du vil fryse ned ein del pakkar du pølsa inn i bakepapir/frysefolie og legg i frysaren. Då kan du berre skjære skiver av pølsa med ein skarp kniv og legge rett på bakepapirkledd steikebrett før du set dei i omnen).
  9. Legg kulene på bakepapirkledd steikebrett og trykk dei litt ned med ein gaffel.
  10. Steik i 10-12 min til kjeksa er gylne i kanten.
  11. Avkjøl på rist og oppbevar i tett boks.
kjeks med sjokoladebiter

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.