Minestronesuppe

minestronesuppe

På ein italiensk restaurant fekk eg nyleg ei minestronesuppe som smakte nydeleg, og det gav meg inspirasjon til å kokkelere heime. Dette er ei suppe som er genial å lage heime, der du kan bruke det du har av grønsaker i kjøleskapet. Gjerne med bacon og pasta i, eller som vi gjorde med pasta servert ved sidan av. Lag gjerne ein stor porsjon, så har du enkel middag eller kvelds dagen etter.

Til 3-4 personar treng du:

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 400 g hakka tomat
  • 2 gulrøtter
  • 3 poteter
  • 1 raud paprika
  • 1 grøn paprika
  • 2 stenger selleri
  • 1/2  raud chili, utan frø og hinner
  • 7-8 dl vatn + 2 terningar grønsaksbuljong
  • salt og peppar
  • fersk persille på toppen
  • 3 nevar pasta (anten rett i gryta eller servert ved sidan av)
  • litt nøytral olje til steiking (solsikkeolje el. kokosolje)
minestrone soup

Slik gjer du:

  1. Del alle grønsakene i terningar, finhakk kvitløken.
  2. Fres løken og kvitløken i litt olje til løken blir blank.
  3. Ha i gulrot, potet, paprika, chili og selleri og la frese med eit par minutt.
  4. Hell over hakka tomat, vatn og grønsaksbuljong. Kok opp.
  5. Ha i pasta, eller kok den ved sidan av.
  6. Suppa er ferdig når potetene er møre og pastaen al dente, etter ca 8-10 min.
  7. Smak til med salt og peppar, ha over frisk persille.
  8. Server:)
god suppe

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.