Tom Kha Gai

Tom Kha Gai

Ei av dei mest kjende suppene frå Thailand, og det med rette. Denne suppa er enkel å lage, så fremt du finn ingrediensane. Første dagen vår i Kuala Lumpur måtte eg handle inn både galangalrot, kaffirblad og sitrongras -berre fordi eg har hatt det i bakhovudet så lenge utan å finne ingrediensane på butikken heime.

Men fortvil ikkje, du kan anten «jukse» (ja det er fullt lovleg på kjøkkenet) og bruke det som finnast av råvarer tilgjengeleg på din butikk med denne oppskrifta. Eller oppsøke ein asiatisk butikk og finne det du treng og bruke denne oppskrifta. Uansett vil du få nydeleg suppe som du sjølv kan variere styrken på avhengig av chilimengde.

Til 3-4 personar treng du:

  • 400 g kylling
  • 7-8 dl kyllingkraft (eller vatn + buljongterning)
  • 400 g kokosmjølk
  • 1 ts palmesukker eller brunt sukker
  • 2 stilkar sitrongras (berre det kvite)
  • 3 raude sjalottløkar
  • 2 raude thai-chili
  • 3-4 cm galangalrot
  • 3 kaffirblad
  • 1 kopp sopp (t.d. aroma/sjampinjong)
  • 1-3 ss thai fiskesaus
  • 12-15 cherrytomatar
  • Safta frå 1 lime
  • 1 neve frisk koriander
  • 1 lime i båtar til pynt (kan sløyfast)
ingredienser til tom kha gai

Sitrongras, fiskesaus, galangalrot, kaffirblad og ingefærrot (for å vise skilnaden på galangal og ingefær)

banking av sitrongress

Banking av sitrongras

tom kha gai suppe

Sil av krafta

Slik gjer du:

  1. Bruk baksida på kniven og bank hardt i sitrongrasset nokre gongar. Del opp i bitar og ha det i ei gryte saman med kyllingkrafta.
  2. Skrell eller bruk ei teskei og skrap av skallet på galangalrota og del den i bitar. Ha den i gryta.
  3. Riv opp kaffirblada og tilset dei óg.
  4. Kok opp og la småkoke i 10-15 min, slik at du får ut alle gode smakane.
  5. Del kylling, sopp, løk og tomatane i bitar. Del chilien og fjern frø og hinner, hakk i små bitar.
  6. Sil av kyllingkrafta og kast grønsaksbitane, dei skal ikkje vere med i suppa.
  7. Ha i kylling, løk og chili. Kok opp igjen.
  8. Tilset kokosmjølk, men la det berre småkoke etter det.
  9. Ha i fiskesaus, sukker og limejuice.
  10. Ha i tomatane og soppen. Desse treng berre eitt minutt eller to i gryta.
  11. Server med frisk koriander på toppen og nokre limebåtar.
thai kyllingsuppe med kokosmjølk

Tips: Gjer klart alt til steg 4 kvelden før, og set krafta i kjøleskapet. Då er det berre å dele opp kylling og grønsaker og gjere siste finnish etter skule, barnehage og jobb. Og det går jo super-kjapt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.