«Lasagne» med squash (glutenfri)

lasagne med squash

I «Lasagne» med squash har eg brukt squash i staden for lasagneplater, og creme fraiche i staden for ostesaus. Dermed blir heile retten naturleg glutenfri, utan at det går utover smakane av den grunn. Super å servere når du har gjestar som ikkje et kveitemjøl, eller når du er lysten på å prøve ein vri på den tradisjonelle lasagnen.

«Lasagne» med squash

Til 4-5 personar treng du:

  • 400 g karbonadeideig
  • 1-2 løk
  • 2-3 fedd kvitløk
  • 1 squash
  • 1 paprika
  • 2 boksar hakka tomat
  • 1-2 ss tomatpuré
  • 1 ts tørka basilikum (eller ein neve frisk basilikum)
  • 1 ts oregano (eller ein neve frisk oregano)
  • salt og peppar
  • 3 dl creme fraiche
  • Riven ost på toppen
glutenfri lasagne

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Skjær løk og paprika i terningar, finhakk kvitløken.
  3. Streik løk og kvitløk til løken blir blank. Ha i karbonadedeiga og steik med til den er gjennomsteikt. Hakk den opp medan du steiker.
  4. Ha i paprika, tomatpuré og hakka tomat. Kok opp.
  5. Smak til med krydder og la småkoke medan du gjer resten klart.
  6. Vask squashen godt og del den i ca 1/2 cm tynne skiver.
  7. Legg tomatsaus, squash og creme fraiche lagvis. Avslutt med tomatsaus og strø over ost.
  8. Steik midt i omnen i ca 30 minutt. La gjerne retten kvile ca 10 minutt før servering.
  9. Server med grøn salat.
  10. Velbekomme:)
"Lasagne" med squash (glutenfri)

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.