Enkel Oreo-iskake

oreoiskake

Denne iskaka er super-enkel å lage og krev minimalt med utstyr og innsats. Ein liknande variant finn du her og den funkar finfint om du skal ete isen litt etter litt og ha den i fryseboksen. Skal du derimot servere isen i fint lag er det ekstra stas å kunne servere som kake, det gjer seg godt på dessertbordet.

Enkel Oreo-iskake

Til ei kake (22-24cm) treng du:

  • 3 dl kremfløyte
  • 200 g sukker
  • 3 egg
  • 200 g philadelphia eller snøfrisk naturell ost
  • 2 pk Oreokjeks + litt ekstra som pynt
  • Litt sitronmelisse til pynt (kan sløyfast)

 

iskake oreo vg

Slik gjer du:

  1. Legg oreokjeksa i ein brødpose og bruk knyttneven til å mose dei godt saman.
  2. Kle ei rund kakeform med bakepapir, og fordel oreokjeksa i botnen. Trykk dei godt saman.
  3. Skill egga.
  4. Pisk eggekviter og sukker til det blir blankt (5-10 min).
  5. Pisk kremen.
  6. Bland eggeplommer og kremost.
  7. Bland alt.
  8. Set i frysaren i minst 3-4 timar, gjerne over natta.
  9. Skjær rundt kanten med ein kniv før du losnar forma.
  10. Set på kakefat og pynt med hakka oreokjeks og sitronmelisse.
oreo is vgtv

TIPS: om kaka skal stå framme på bordet ei stund kan det vere kjekt å ha i nokre plater gelatin slik at den held seg litt lenger. Då legg du 3 plater gelatin til bløyt i kaldt vatn. Etter ti min knip du ut vatnet av platene og rører dei ut i 1/2 dl varmt vatn. La vatnet avkjøle seg litt før du rører det inn i massen etter pkt 7. i oppskrifta. Lukke til:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.