Granola

granola

Denne granolaen (eller müslien om du vil) var ei av dei tidlegaste oppskriftene eg publiserte på instagram i fjor haust. Den hadde fast plass på benken gjennom heile hausten og vinteren, og no er det på tide å få i gong dei gode rutinene igjen, og å få lagt ut oppskrifta her på bloggen. Granola med yoghurt eller syrna mjølk, litt honning og friske bær eller fruktbitar er ein fin-fin start på dagen, og perfekt når det må gå raskt før arbeid, skule og barnehage.

Granola

Til eit-to steikebrett treng du:

  • 250 g havregryn
  • 50 g linfrø
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g solsikkekjerner
  • 50 g graskarkjerner
  • 50 g hakka valnøtter
  • 50 g hakka mandlar
  • 75 g hakka tørka aprikos
  • ca 1 dl eplejuice
  • 2 ss kokosolje (eller rapsolje)
  • 2 klyper salt

 

musli

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 130 grader varmluft.
  2. Rør alt saman og spre det ut over eit bakepapir.
  3. Steik i ca 1 time, til blandinga er sprø. Rør nokre gongar undervegs.
  4. Avkjøl og oppbevar på glas.
  5. Server med cultura/gresk yoghurt, litt akasiehonning og frisk frukt.

Tips: lag gjerne dobbel porsjon, og fordel det utover tre steikebrett. Du treng litt lenger steiketid, men rører du innimellom ser du raskt når blandinga har blitt sprø.

müsli

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.