Frukost-muffins

muffins

Å bake etter amerikanske oppskrifter er ei fryd. Eg diggar konseptet med ein kopp i staden for å måle opp etter dl. På kjøkkenbutikkar finn du som regel målebeger som er 1/2 og 1/4 kopp, men fortvil ikkje om du ikkje har dette. Mi erfaring er at augemål funkar veldig bra, og ein mummikopp måler omlag det samme som «one cup» (=2,37 dl). Finn ein kopp som måler omlag dette og rør saman deiga, så kan du servere frukost eller lunsj på under ein halvtime.

Til 12 stk treng du:

  • 3 koppar kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ss bakepulver
  • 1 ss sukker (kan sløyfast)
  • 4 ss mjukt smør + litt til å smøre forma
  • 1 kopp mjølk (eller vatn)
scones

Slik gjer du:

  • Bland alt og kna saman med henda.
  • Smør ei muffinsform med smør og fordel deiga jamt (eller form små runde scones på eit bakepapir).
  • Steik på 200-220 grader i 15-20 min.
  • Avkjøl på rist.
muffins-scones

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.