Grilla kyllingwrap med tzatziki

grilla kyllingspyd med tortilla

Grilla kyllingwrap med tzatziki

Til to porsjonar treng du:

  • Ca 300 g kyllingfilet
  • 2 tortillalefser
  • 1 hjertesalat
  • 1 neve ruccola
  • 1 tomat
  • 1 avocado
  • ½ raud paprika
  • ¼ rødløk
  • paprikakrydder
  • litt nøytral olje
  • Tzatziki
grilla kyllingwrap med tzatziki

Slik gjer du:

  1. Lag tzatziki etter denne oppskrifta.
  2. Del kyllingfileten i bitar og tre på spyd. (Legg spyda i bløyt i vatn i 30 min dersom du brukar trespyd).
  3. Krydre med paprikakrydder og pensle med litt olje.
  4. Grill på lav/middels varme til kyllingen er gjennomsteikt.
  5. Skyll og tørk hjertesalat og ruccola og del i mindre bitar.
  6. Del opp tomat, avocado, paprika og løk i skiver og strimlar.
  7. Legg opp tortillalefse, salat, grønsaker, tzatziki og kyllingspyd.
kylling tzatziki

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.